JANGLESTRÅ (1980)

Etter å ha gjeve ut ei ny diktsamling kvart femte år frå 1946 til 1971, kjem det ikkje noka ny bok frå Hauge i 1976.

Forfattar
HADLE OFTERDAL ANDERSEN 

Forfattaren har òg gått inn i pensjonistane sine rekkjer året før, så dette er heilt forståeleg. I 1980 kjem Dikt i samling i ny utgåve, med dei seks eksisterande titlane pluss ein ny til slutt. Sjølv om janglestrå mellom anna kan bety slike strå som står att etter ljåslåtten, er ikkje dette gamle overliggarar. Dei har Hauge sett inn der dei høyrer heime i forfattarskapen, og det har han gjort så mykje at det er temmeleg stor skilnad mellom diktsamlingane då dei kom ut, og diktsamlingane slik dei står i ulike utgåver av Dikt i samling. Når det no kjem til ein ny tittel, er det fordi tekstane er heilt nyskrivne.

40 sider er det uoffisielle minstemålet for diktsamlingar her til lands, og Janglestrå er snaudt det. Truleg er det difor ho ikkje kjem ut som eiga bok. Kvaliteten er det ingenting å seia på, og boka blir nominert til Nordisk råds litteraturpris. Sjølv om forfattaren er tilårskomen, står to av dei aller beste dikta i forfattarskapen hans her – «Mange års røynsle med pil og boge» og «Kor lenge har du sove?»

Tematisk er det to nye spor.

I nokre få, men merkbare dikt møter me den aldrande diktaren som nygift. I og med at dei er stila til henne, har ein faktisk å gjera med klassiske kjærleiksdikt der ein så å seia står saman med poeten og vender seg til den dei er meinte for. Mot slutten av eit av dei strekar han sogar under denne nyvunne intimiteten gjennom å seia at dette diktet «vert det berre du Bodil som les». Slik er det jo ikkje. I staden blir dei inkluderte her, ved slutten av Hauges livsverk, på ein måte som gjer at livet og verket får ein positiv utgang. Eller rettare sagt: slik at verket får ein utgang som svarar til slik livet hans til slutt blei.

Det andre nye emnet i denne poetiske epilogen er referansane til ulike reiser. Dette er òg tekstar som reflekterer det nye livet og som peikar direkte mot kontrasten i livssoga slik det syner seg i verket, frå stillstand og isolasjon gjennom alle år fram til denne avsluttande opninga mot tilværet. Slik blir Janglestrå til det naturlege sluttpunktet for den livshistoria ein finn i Olav H. Hauges Dikt i samling, når ein les henne på langs.

29 av dikta låg føre i 1980. Ti har kome til i seinare utgåver av Dikt i samling. Det siste diktet Hauge publiserer, er «Orvar-Odd», skrive spesielt for Lesebok 1994 som Nei til EU gav ut og spreidde til alle husstandane i landet vinteren 1994. Det siste Hauge-diktet når dermed vidare ut enn noko anna han har skrive.