PÅ ØRNETUVA (1961)

På Ørnetuva er Olav H. Hauges store gjennombrot blant kritikarar og forfattarkollegaer, og boka peikar ut retninga for norsk lyrikk dei neste åra. 

Forfattar
HADLE OFTEDAL ANDERSEN

Ho er djervare i forma og syner fram eit forfattarsubjekt som trass eit mødesamt liv har ei meir suveren og overskotsprega haldning til tilværet. Med dette er den pinte røysta frå tidlegare bøker blitt erstatta av den vismannsposisjonen som særmerkjer forfattarskapen frå no av.

Om lag tre firedelar av dikta er urima i denne samlinga, som med det får eit meir eintydig modernistisk preg. Her er ei rad ultrakorte tekstar; dei kortaste er på berre fem-seks liner. Slike diktlengder blir vanlege utover på 1960-talet, ikkje minst etter inspirasjon frå den svenske «nyänkelheten» som slår gjennom på denne tida. Innanfor det gravalvoret som rår i norsk litteratur ved inngangen til tiåret, er derimot Hauge i dette stykket eineståande.

På sitt beste er dette korttekstar som gjennom ei enorm fortetting opnar for ei poetisk oppleving av ein særeigen karakter. Til dømes når det ni liner korte «Eg dreg ifrå glaset» brått blir avslutta med dette biletet:

I den svimlande blå himmelklokka

ritar morgonmånen med hard nagl.

Her blir månen og menneskehanda stilte på sida av kvarandre, uforklart, på ein måte som opnar for eit dobbeleksponert bilete me forstår gjennom vår visuelle førestillingsevne, men ikkje enkelt kan føra tilbake til ei meining i konvensjonell tyding. Ein slik biletteknikk er uhyre effektiv for den som vil skriva minimalistisk og kan ganske direkte knytast til den retninga i internasjonal modernisme som blir kalla imagisme.

Frå imagismen kan ein søkja seg vidare bakover til den store inspirasjonen for denne retninga – den gamle asiatiske poesien. Den finn ein direkte tematisert i dikta «Soga um Ch’ü Yüan» og «Til Li Po». Ved å inkludera desse dikta får Hauge peika direkte mot inspirasjonskjeldene sine og plassert seg sjølv i eit internasjonalt landskap. Som han seinare uttrykkjer det: «Eg veit ikkje om noko betre eg, enn dei gamle kinesarane!»

Slik etablerer han òg noko som etter kvart bli eit av særtrekka hans, den heilt opne referansen til og dialogen med andre forfattarar. Lesnaden er ikkje lenger noko skjult, noko ein bare finn vage allusjonar til, men blir heilt uttrykkeleg til ein del av livsverda hans.

Eit anna av Hauge sine særmerke, kvardagen, gjer seg gjeldande for første gong i denne samlinga. Her er nokre få tekstar om å hesja og å høyra skeiserenn på radio som ikkje med naudsyn ber om djupare, overførte tydingar. Dei viser fram dagleglivets potensial for poetiske opplevingar og seier seg nøgde med det.