UNDER BERGFALLET (1951)

Det er i denne andre samlinga at Olav H. Hauge byrjar å finna ei retning i forfattarskapen sin. Her er han i kontakt med viktige straumdrag i samtidslitteraturen, og han maktar å skapa eit gjennomgåande uttrykk som er originalt.

Forfattar
HADLE OFTERDAL ANDERSEN

Ein tredel av dikta har modernistisk form. Blant dei rima tekstane er dei lange, musikalske dikta frå førre boka erstatta av kortare tekstar, i all hovudsak folkeviseinspirerte, med ein tyngre rytme som står godt til det djupt alvorlege emnet i boka.

Tematisk handlar det om ein eksistens der undergang og død heile tida gjer seg gjeldande. Me møter ytre skildringar av dette, som bonden som bur under ei fjellside der eit stykke når som helst kan rasa ut. Ut frå samanhengen i boka kan dette bergfallet òg lesast som ei biletleg framstilling av å leva under eit stadig trugsmål om at den indre verda skal gå i grus.

Her er dikt som på temmeleg direkte seier at den som fører ordet, har hatt eit slikt samanbrot. Ordet «angst» blir òg nytta i ein handfull av dikta, og ein finn referansar til mareritt og til mystiske opplevingar av å vera med i sin eigen dødsprosesjon. Dessutan finn ein ikkje minst ein serie dikt der tre på ulike måtar blir nytta som bilete på noko menneskeleg som har enda i ein fastfrosen, varande tilstand av å vera vend vekk frå verda og halden fast i eit dødeleg famntak av snø og is.

Denne tematikken er typisk for etterkrigstida. Det er som om menneskja etter det ein har opplevt, vender seg innover i seg sjølv for å forstå dei mørkare tildriva sine og finna meining i dei. Angsten er sentral i franske Jean-Paul Sartres filosofi, der berre den som gjennomlever denne tilstanden, kan oppleva tilværet direkte, autentisk. Dei reinskorne, intuitivt forståelege naturbileta som er henta rett ut av tradisjonen, kan knytast til sveitsiske C.G. Jungs tankar om kollektivpsyken, om ei psykologisk verd som ikkje er individuell, men som tvert imot bind menneskja saman.

Og så er det Hauges yndlingsfilosof. Ekspresjonsime er namnet på den retninga innanfor kunsten der det er kunstnarens indre som blir uttrykt. Inngangsfiguren til ekspresjonismen er tyske Friedrich Nietzsche. Han opna Slik talte Zarathustra med å koma ut or berghôla si, stilla seg framfor sola og spørja: «Kven var du viss du ikkje hadde dei du lyser for?» Så går han ut i verda for å spreia ordet om seg sjølv som overmenneske. Hos Hauge er biletet snudd om:

Ho er søt, einsemdi,

so lenge vegen attende

til dei hine

er open.

For du skin ikkje

for deg sjølv.

Så går han inn i berget att. Det merkelege med Under bergfallet er at me her er vitne til ein mann som uttrykkjer seg vagt ekspresjonistisk om seg sjølv, ikkje som overmenneske, men som einsam og full av angst.

Innanfor modernismen er det vanleg å framheva storbyliv, modernitet og den framandgjeringa ein opplever der. Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas skriv bygdemodernisme, som det er blitt kalla, der dei same grunnleggjande problemstillingane om det psykiske og relasjonen til omverda er spelt ut i eit bort imot tidlaust landskap.