Over 300 barn var med på å opne årets barnekunstutstilling i Aasentunet

24 barnehagar og over 300 barnehagebarn frå både Møre og Romsdal og Vestland fylke har bidratt til årets barnekunstutstilling i Aasentunet. I løpet av den første veka i advent har dei fleste av desse barnehagane vore på besøk i tunet for å vere med på opninga av utstillinga.

Bilete av barnehagebarn som klipper snora under opninga av barnekunstutstillinga i Aasentumet.
Axel frå Farkvamen barnehage i Ørsta og Kaleo og Sara frå Golvsengane barnehage på Eid. Desse fekk æra av å klippe snora under opninga av årets barnekunstutstilling. Her saman med formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg. Foto: Nynorsk kultursentrum

Barnekunstutstillinga er ein årleg tradisjon i Aasentunet og årets kunstverk er inspirert av festspeldiktar Kari Stais bok Jakob og Neikob og tidsmaskinen

Under opninga av utstillinga var det både lesestund og snorklipping – og barna fekk tid til å gå rundt å sjå på alle kunstverka.

– Vi er veldig stolte av barnekunstutstillinga i Aasentunet. Det er utruleg kjekt å arbeide med nynorsk barnelitteratur og barnehagane på denne måten og det er stas å sjå kor engasjerte og stolte ungane er når dei får sjå eigne kunstverk utstilt, seier formidlar i Aasentunet Ida Karin Aarflot Kornberg.

Bilete av barn som vitjar barnekunstutstillinga.
Ein glad og entusiastisk gjeng frå Farkvamen barnehage besøkte barnekunstutstillinga denne veka. Foto: Nynorsk kultursentrum

Lurivar kjem til familiedagen
Søndag 4. desember kl 13.00 er det familiedag i Aasentunet. Då kjem sjølvaste Lurivar på besøk for å lese for barna. Det blir også juleverkstad i kafeen og barna får høve til å vise fram kunsten sin til familie og vener.

Illustrasjonsbilete av Lurivar og boka Jakob og Neikob
Lurivar kjem for å lese høgt, frå boka «Jakob og Neikob og tidsmaskinen» av Kari Stai, under familiedagen i Aasentunet søndag 4. desember. Foto: Svein Olav Humberset