Nynorsk.no / Nettutstillingar / Markering for Ukraina: Tryggleik, identitet, språk og kunnskap under press / Randi Fuglehaug: Oldefar opplevde krig, og katten min heiter Jens
Oldefar opplevde krig, og katten min heiter Jens
– Eg har bursdag om to månader og fire dagar, sa ein gut med briller og stripete genser.
Han var den første som rekte opp handa etter at førsteklassingane hadde kome inn i samlingssalen på sokkelesten og blitt plassert på mjuke matter læraren hadde lagt ut på golvet. Der sat dei med sine reine klede og sine mette magar, lukkelig uvitande om at dei knappe sju år lange liva deira hadde blitt levd i Disneyland, i onkel Skrue si pengebinge, i eit land så fredeleg og velfungerande at då filmskaparen Michael Moore hadde gjort opptak i Noreg til ein dokumentar, måtte han redigere dei bort fordi alt verka for godt til å vere sant.
Og der stod eg, midt mellom matpausen og norsktimen, og skulle snakke med barna om krig.
– Me kan snakke litt om bursdag først, sa eg.
Då eit av barna fortalde at ho hadde fått katt i bursdagsgåve, måtte me snakke litt om dyr også.
Det passa fint. Eg skulle jo lese ei historie om papegøyar.
Eg hadde nemleg skjult krigen godt. Det var 2018, og boka eg hadde skrive, handla eigentleg om flyktningstraumen over Middelhavet. Men det barna fekk høyre om, var familien Gøye som skulle reise på eventyr. Om Papelina og broren Vesle-Papo, søskenparet som ikkje lenger fekk fly fritt rundt i jungelen og som ein dag såg himmelen bli oransje mens det braka rundt dei. Som måtte pakke sakene sine og dra frå huset i toppen av palmetreet midt på natta, og som ikkje fekk lov til å seie det til nokon fordi eventyret, sa faren Papa Gøye, var topphemmeleg. Som fekk sjå havet for første gong, men som ikkje fekk lov til å fly over det fordi det ikkje var nokon stad å kvile, og i staden måtte ta båt.
Illustrasjonane av fuglane tett i tett i den vesle båten, som eg viste dei på storskjerm, var det første som forvirra førsteklassingane. Ingen av fuglane såg jo glade ut.
– Ser det ut som dei gler seg til turen? spurde eg.
Barna sine ansiktsuttrykk reflekterte med eitt fuglane sine alvorstunge minar. Så godt som alle tjuefem rista på hovudet, men ingen av dei såg ut til å forstå noko. For alle gler seg vel når ein skal reise på ferie til Syden, eller til Legoland eller på hytta? Og i alle fall når ein skal ut på eventyr!
Ei jente i heimestrikka kjole rynka panna og rekte opp handa.
– Eg har bursdag i januar, sa ho alvorlig. – Og eg har ein katt som heiter Jens.
Ho meinte dessutan bestemt at desse fuglane slett ikkje gledde seg til å reise på eventyr.
– Men kvifor reiser dei då? spurde eg.
Det blei underleg stille. Eg kunne sjå at førsteklassingane tenkte så det knaka i dei vesle hovuda deira. Ansikta deira var opne og tomme. Dei trong hjelp.
– Hugsar de at himmelen blei oransje? spurde eg, og at det braka?
Dei hugsa begge deler. Og snart kom forslaga trillande ut av dei små munnane:
– Dei måtte reise fordi det var så stygt vêr?
– Det torna!
– Lynet slo ned, så dei kunne ikkje bu der lengre.
Eg roste dei små vestlendingane for gode forslag, men spurde kva anna enn vêret som kunne få fuglar, eller folk, til å reise frå heimane sine sjølv om dei eigentleg ikkje ville. Kva som kunne vere årsaka til at det small så mykje og at det ikkje var trygt å bli verande.
No kom kreativiteten fram for alvor.
– Det var bygningsarbeid i jungelen.
– Det var nyttårsaftan og altfor masse fyrverkeri.
– Tigrar i jungelen prøvde å skremme dei vekk!
Og eg blei plutseleg rørt der eg stod, såpass at eg måtte blunke vekk nokre tårer i augekroken.
Eg blei på nytt varm om hjartet av tanken på kor heldige desse barna er, som tilfeldigvis vart fødde i dette lukkelandet akkurat då dei blei det, og som derfor er så lite kjent med uro og utryggleik at eg til slutt måtte hale svaret ut av dei. Eg måtte seie «bomber» og «skyting» rett ut før ei jente i Barbie-genser forsiktig rekte opp handa.
– Var det krig der Papelina budde? spurde ho.
Eg nikka. Klassekameratane hennar nikka. Og mange av hendene spratt i vêret på nytt.
For heilt ukjente med fenomenet var dei ikkje.
– Det har vore krig i Noreg!
– Oldefaren min levde under krigen.
– Bestemor hadde bursdag i går! Men eg er allergisk mot katt.
Randi Fuglehaug er journalist og forfattar. Ho har skrive krim, sakprosa og skjønnlitteratur for både barn og vaksne. Papelina var hennar fyrste skjønnlitterære bok.
Ei annleis forteljing om flukt.
Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier det er eit topphemmeleg eventyr! Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott.
Men reisa blir lang og slitsam. Og kvifor kan ikkje Papa Gøye slutte å tulle og fjase?
Papelina er ei historie om flukt, familie og vennskap. Og om kva det vil seie å vere heime.
Samlaget