1646 Fyreord [Om Christen Jensøn: Den Norske Dictionarium eller Glosebog]

Torleiv Hannaas 1915 

Fyreord

Det norske maalet hev havt den vanlagnad at det i lange tider lite og inkje vert dyrka i skrift. Dansk kom i staden, og nordmennerne fann seg i umbytet.

                 Men norsken livde paa folketunga, og det er inkje so radt lenge fyrr me ser teikn til at ein og annan tenkte paa aa draga folkemaalet fram att or gløymsla. Fraa 1600 og frametter fær me ei heil rekkje med utgreidingar um bygdemaali vaare, –  lenge fyrr det finst noko dilikt i dei andre norderlandi. Og det var i tider daa nordmennerne elles stod langt attum baade svenskar og dan­skar og islendingar i mest all slags bokavling. Berre i denne eine ting gjekk dei fremst: i gransking av folkemaalet. 

                 Dette maa hava sin grunn. Og grunnen maa vera den, at nordmennerne tok til aa sakna sitt eige maal. Det hev daa svive fyre deim at det maatte vera i dei livande bygdemaali dei skulde søkja kjeldorne til eit nytt norskt bokmaal. 

                 Visseleg er det lenge fyrr slike tankar kjem klaart fram; men eg trur det maa ha lege under, daa visst hjaa sume av deim som arbeidde med folkemaalet. Elles er det inkje godt aa skyna kvifor dei skulde driva paa med sovore, her meir enn andre stader. 

                 Mange av desse gamle bygdemaals-skrifterne vaare er inkje til lenger. Og dei som er berga, hev for det meste lege væl gøymde og gløymde i handskriftsamlingarne i Kjøpenhamn. Men no vil dei vonom koma fram etter kvart i den samlingi av «Ældre norske sprogminder» som Den norske historiske kildeskriftkommission hev teke til med. Tvo arbeid fraa 1600-talet er alt utgjevne: «Maal-lære og ordtøke fraa Vest-Agder» (Kristiania 1911) og «Ordsamling fraa Robyggjelaget» (Kristiania 1911). 

                 Her kjem daa det tridje i rekkja:Christen Jensøns «Den Norske Dictionarium eller Glosebog». Dette arbeidet er merkelegt framum hine med di det hev vore prenta fyrr. Alt i 1646 vart det utgjeve i Kjøpenhamn. Det er soleis fyrste boki av sitt slag som kom paa prent, ja inkje berre den fyrste, men i yver hundrad aar den einaste i norderlendsk bokheim. 

                 Christen Jensøn hev inkje skrive anna enn dette arbeidet, og han er elles so faagjeten at det er lite me veit um honom. Det hev endaa vore ymse meiningar um han var nordmann eller danske. 

                 I kallsboki i Askvoll er han kalla «Christen Jensen fra Dannemark». Dette er skrive av G.S. Heibergsom var prest der 1816–1825, so det er inkje nokor gamall fraasegn. Men P.K. Thorsenskyt til desse ordi og meiner at «altsaa har han efter al Sandsynlighed været dansk af Fødsel.» [1] D. Thrap talar òg um «den dansk fødte Sognepræst Christen Jensen til Askevold.» [2] 

                 Men Erich Pontoppidanden yngre, som hadde lese Den Norske Dictionarium, han skyna at bokmeisteren maatte vera norsk. [3] 

                 Dei som vil gjera Christen Jensøn til danske, hev venteleg berre halde seg til kallsboki, og so til det danske namnet. Hadde dei lese ordsamlingi hans, so vilde dei likso væl som Pontoppidan ha sett at han maa ha vore nordmann. Han kjenner bygdemaalet for godt til aa vera framand, og dansken hans yr av norske ord og ordlag. 

                 Vilde ein ganga den danske maalføringi hans etter i saumarne, skulde det vera uvandt aa prova reint filologisk at han maa ha vore nordmann. Men noko slikt prov trengst inkje. Det er visst nog likevel. 

                 Det maalet Christen Jensøn skriv um, kallar han sjølv «voris gode oc gamle Norske Sprog«, og paa tvo stader i fortalen kallar han nordmennerne «mine kiere Landmænd» (d.e. landsmenn). Soleis vilde inkje ein danske ha ordleidt seg. Og all tvil um heim­landet hans maa falla burt etter at me hev fenge greide paa at han vart innskriven paa universitetet i Kjøpenhamn 1627 fraa Bergens skuleunder namnet Christian. Ian. Askevold., det vil segja Christianus Iani Askevoldensis, paa dansk Christen Jensøn fra Askevold [4]. Her fær me vita for visst, inkje berre at han var nordmann, men og at han høyrde heime i Askvoll i Sunnfjord. 

                 No heitte presten i Askvoll paa den tid Jens Mauritsøn, og hjaa honom vart Christen Jensøn personel kapellan daa han kom heim ifraa universitetet. Det maa daa vera noko so nær visst, som Lampemeiner [5], at desse tvo hev vore far og son. Men dei danske namni tyder paa at Jens Mauritsøn hev vore danske, eller av dansk ætt. At sonen òg skulde vera fødd i Danmark er lite trulegt. For dei danske prestarne som kom her upp og fekk smaae landskall, var for det meste unge og ugifte, so um Jens Mauritsøn skulde vore danske, so hev han visst fenge gifta si i Noreg. 

                 I 1636 var Christen Jensøn vorten sokneprest i Askvoll etter faren, og i det embættet sat han til sin døyande dag. Men han var inkje noko langt liv lage. Jonsokdag 1653 drukna han saman med alle rorsfolki sine paa heimvegen fraa ei av annekskyrkjorne. 

                 I Askvoll er Christen Jensøn reint burtgløymd no, og hev visst vore det lenge. Det einaste dei veit aa fortelja, er at der ei gong var ein prest som kom burt paa heimvegen fraa Villneskyrkja. Dei viser staden der ulukka hende, men kva tid det bar til, eller kva presten heitte, det veit ingen. 

                 Og er det lite folkeminnet hev gøymt um mannen, so er det inkje stort meir aa finna um honom i skriftlege kjeldor heller. Namnet hans er so vidt nemnt nokre gonger i embætts-skriv fraa den tid. Men berre ei hending i hans liv fær me høyra noko um. 

                 I 1643 møtte han for domkapitlet i Bergen, klaga for fyll og slagsmaal og ugreide med gudstenesta. Dette stend nemnt sume stader, t.d. hjaa Lampe, paa ein slik maate at ein maa tru han inkje kom so radt flekklaus ifraa det. Christen Jensøns ettermæle er best tent med at heile saki vert kjend, og sidan denne fraasegni er det einaste aktstykke som finst um honom fraa hans eigi tid, og det aldri hev vore prenta fyrr, so tek eg det med her in extenso etterProtocolla Capituli Bergensisi Bergens stiftsarkiv. Det lyder so: 

  

                 [1643] Den 10. April. In præsentia Magf ci Præcitis R. Henrici Tott te Boltingaardt, R di D ni Episcopi M. Lutovici Munthenij, Et R dorum D norum Capitularium. Da erskinede for Retten Hr. Christen Jensøn Sogneprest thill Askevolds Gield I Sundfiordt, Angiffven af Sin Landbond Hans Johansøn Olsetter, for hand Nogen thjdt forleeden Sin betroede Meenighedt, med Guds Ords Prædicken Och Sacramenterne Paa femb Vgers thidt, skall haffve forsømt, Sampt Sielff Liust tieniste och dem Siden med drich forsømpt, Disligest forglemt Adt Tage Vjn och Brød med sig thill dennem Som Ville bruge Herrens Nadver, Saa Adt Bønderne først maatte Roe fra Kircken thill Fogdegaarden effter Vjn, och Samme Dag paa Ny igien fra Kirchen thill Prestegaarden Effter Brødt, Saa och for Druckenskab och Slagsmaall. 

                 Effter Steffningens Videre medfør dat: den 1. Februar Anni 1643 her oplest och Paategnedt. 

                 For ne Hans Olsetter Vaar och Nerværende thill Veddermaals Talle. Sin Angiffvende Adt bevjse och forsvare. 

                 Och Er fremlagdt Profferne Anlangende For ne Hr. Christens och Hans Olsetters Slagsmaall, dat: Askevolds Tingstuffve, den 19. Januar Nest forleeden. 

                 Dernest: bleff for ne Hans Olsetters Klagemaall offver Hr. Christen, Vdj hans Supplicatz thill Velb: ne Voris Slodtzherre forfattedt, dat: den 26 Januar Anni hujus 1643. 

                 Hvor Emoedt Hr. Christen sig Erkelerede, Och Først: Adt hand Vaar Saa lenge fra Gieldet, dett skeede medt Almuens consens, Hvilche hand loed Vide Adt hand Vilde Reyse thill Sin Broders Hr. Hansis Bryllup, hvor hand bleff forhindret. 

                 Dernest: Adt thienisten Aff sigh blev Liust og forsømpt dertill Svaredt hand, Sigh formedelst Herrens Vejr och Vind Adt være forhindret, Mens dog Adt vere kommen Seent thill Kirchen, hvorthen hand haffde femb Fierdings Veys. Herforuden Adt hand skall haffve forglemt Vjn och Brødt thill Sacramentis Brugh, der thill Svarede Hr. Christen: Adt hans Tienere forgietter En Bomme effter Sigh, Hvor I hand dett haffde forvaret. Mens strax hand kom paa Veyen, Saugnede hand den, Hvoerfoer hacd oc Strax hand kom thill Vildnes Kircke Sende Folch thilbage efter hende. Hvilche och Kom Saa Snart thilbage Adt Altingest Baade med Sacramentis Uddeelelse Saa och Anden Kircke Tieniste I Rette thidt bleff forrettedt. 

                 Peder Michelsøn bleff och I Rette Eskett sin Sandhed herom Adt thilstaa. Och Bekiende: Adt der Hr. Christen ved Middags thider kom thill Vilnes Kircke, da haff r hand Udsendt Sigh med flere, Adt Roe Effter En Bomme, Och Bekiente Adt der de komme Igien medt Samme Bomme, da vaer Hr. Christen Enda Paa Prædickestollen, Saa Adt Inted bleff forsømt I Nogen Maade Mens Alt I Rette Sedvanlige Thidt forrettedt. 

                 Fremdeles Bleffue de Proff opleste, hvilche den 27. Mart paa Ask I Sunfiordt I Sagen er førde och Aff den Sorenskriff r ibm. Sampt sex Laugrettismend Under deris Forseigling Udstedde. 

                 Dernest fremviste Hr. Christen Sit Gode Skudtzmaall, sig den 12. Febr. Aff Meenige Almuffve giffvett Och Aff 18 Mend Vnder deres Forseiglingh och Boemercke Vdstedde. 

                 Endelig Indlagde for ne Hr. Christen Sitt Skudtzmaall, Sigh Aff Almuen I Askevolds Kircke I Provstens Nerværelse meddeellettden 24. Mart. Och Aff Provsten beskreffvet den 24. ejusdem Nest forleden. 

                 Da Effterdj Aff Tiltalle och Giensvar, Sampt Indlagde Supplicatzer och Documenter Erfaris Adt for ne Hans Olsetter, haff r Be te Hr. Christen Jensøn paa Askevoldt for Adskilligt Vtilbørligt beskyldet och Angiffvett, Hvilcket hand Altsammen hannem dog Icke haff r kundet off r bevjse; Mens ofttebe te Hr. Christen der thvert i moed Baade thill Tinge saa och I Kircken, haff r I Provstens Nerværelse hoes Meenigheden bekommett Sit Gode Skudtzmaall, Adt de Hannem hverchen I lærdom eller Leffnet haffde noget adt beskylde. Er derføre offtebe te Hans Olsetter, for Saadanne Sine: imod Sin Sielle-Sørger och Eyer: Vbevjste Angiffvelser, thildømt Paa Otte Dagis thidt paa Vand och Brødt fengsling Adt Anholdis. 

                 Och herhoes er offtebe te Hr. Christen Advaret, her Effter Adt Tage Sigh Vare for hastighedt, druckenskab, Slagsmaall, Vnødig Klamerje Sitt Ampts Forsømmelse Och Andet som en Prestmand ey Sømmer eller Vell Anstaaer, Saa fremt, hand Iche derføre: efter Ordinantzen och K. M. Forordninger: skall Straffis Paa det høyeste. 

  

                 Som ein ser gjekk Christen Jensøn rein ut av denne saki. Den aatvaringi han fær, hev inkje noko aa segja. Det var vanleg skikk at domkapitlet nytta høvet til aa vara dei aat dei som var innstemnde, um dei var aldri so skuldlause. 

                 Dette er som sagt det einaste aktstykke um Christen Jensøn fraa hans eigi tid. Men so hev me eit anna aktstykkeavhonom sjølv, som segjer oss mykje meir um mannen og hans yrke. 

                 Det er ordboki hans. 

                 Christen Jensøns Dictionarium er inkje nettupp det eldste arbeid um folkemaalet her i landet. Me veit i alle fall um ein prest paa Vest-Agder som hev sett upp ei bygdemaalsbok nokre aar fyrr. [6] Men desse tvo prestarne hev venteleg inkje visst um einannan. Og noko anna fyrebilæte kan Christen Jensøn heller inkje ha havt, det me veit av. So det er likt til at han hev kome paa tanken av seg sjølv, og gjort upplegget reint paa eigi hand. 

                 Ein skal inkje langt lesa fyrr ein ser at det inkje er nokor raritets-samling Christen Jensøn hev vilja fenge i stand. Og inkje hev han tenkt aa rika upp dansken med desse norske ordi heller. Nei, det ligg klaart i dagen at han hev eit høgare fyremaal med arbeidet sitt. Han vil syna landsmennerne sine at dei hev eit eige maal, og han vil hjelpa deim til aa halda det uppe. Det segjer han sjølv med reine ord i fortalen : «Oc paa det voris gode oc gamle Norske Sprog – – diss klarligere kunde komme for Dagen, oc fra de andre adskillis – – da haffuer jeg for den Aarsag skyld vildet dette mit Arbeyde alle forbemelte gode Nordbagger til tieniste paa Trycken lade udgaaDet er sitt eige folk han tenkjer paa og arbeider for. Difor vigslar han heller inkje verket sitt til ein eller annan høgsett herremann, som skikken var, men til »alle gode Nordbagger, som ere mine kiere Landmænd». Og han vonar at dei skal tykkja mun i det og verja det mot rangvise domarar. 

                 Kva meining Christen Jensøn elles kann ha havt um framtidi for det norske maalet, det er inkje godt aa vita. Han gjet so lite um. Ein ting kann me likevel vera visse paa: naar han tok paa seg dette mødefulle nybrotsarbeidet, so maa han ha livt i den voni at det skulde føra til noko. Men uviss og ottefull maa han sagta òg ha vore. Dette var fyrste gong paa fleire hundrad aar at det norske maalet viste seg i bokheimen att. Kven veit um det inkje er maalet han hev havt i tankar daa han paa fyrste blad i boki si skreiv dei vene ordi: «Da maa no te GVd stande, hua mi Æve verte.» 

                 Ser ein so paa arbeidet hans og dømer det etter tid og til­høve, so maa ein segja at det er rett godt gjort. Nokon høglærd mann hev Christen Jensøn inkje vore; men det hev kome honom til hjelp at han var so væl heime i det maalføret han skulde skriva um. I Askvoll var han uppvaksen, og i Askvoll fekk han sitt livsyrke, hev me høyrt. Der hev han òg skrive boki si, og meste mengdi av tilfanget hev han funne i sitt eige bygdemaal. Elles nemner han aldri kvar han hev ordi ifraa, og ein kann sjaa at han òg hev teke med eit og anna som helst maa ha høyrt heime i andre bygder. Men sunnfjordsmaal er det alt i hop, paa eitkvart hende ordet nær, so det er tvillaust at han maa ha sanka saman det alra meste «udaff daglig Forfarenhed», som han sjølv segjer. 

                 Men Christen Jensøn nemner ei kjelde til. Han hev òg teke «udaf atskillige gamle Norske Bøger», segjer han. Korleis dette heng saman er inkje godt aa skyna. No var det inkje noko sjeld­syn i dei tider aa finna gamle norrøne handskrivne bøker her i landet; serleg maa det ha vore mange avskrifter av dei gamle loverne. So for den skuld kunde han gjerne ha nytta slike skrifter. Men det ser inkje ut til det heller. Christen Jensøn hev visst inkje kunna gamalnorsk, og det finst godt som ingen ting i samlingi hans som ein kunde tenkja han hadde teke fraa det gamle maalet. Det skulde einast veraSem-Rof(s. 120), og kann henda nokre faae til, somFuldfiaa(37),Maalløs(76) ogSkaadbog(102). Men ogso desse ordi kann likso væl vera fraa bygdemaalet. Og elles er det nynorskt alt saman. Det kann difor inkje vera gamalnorske skrifter han tenkjer paa naar han talar um «gamle Norske Bøger». 

                 Og bøker paa nynorsk fraa den tid veit me mest inkje av, i alle fall inkje noko som Christen Jensøn kunde ha nytta, og alra minst bøker som han kunde kalla «gamle«. Men umogelegt er det fulla inkje at det kan ha funnest eitkvart. Ein maatte daa helst tenkja paa vise-uppskrifter, eller smaae ordsamlingar, eller listor med norske dyre- og voksternamn. Det ser soleis ut til at han hev funne blome-namnetTiretunge«udi Vrtebogen» (124). Men kva kann det vera for ei urtebok? Tiretunge er eit norskt ord, og det finst inkje i dei danske urte- og lækjebokerne av Henrik Harpestreng fraa 1200-talet, eller Henrik Smid fraa 1500-talet, eller Nils Mikkelsen Aalborg fraa 1600-talet. 

                 No veit me at Peder Claussøn Friisikring 1599 hadde skrive «Om Urter og Blomster»; men det arbeidet er burtkome [7], so me kann inkje sjaa um Christen Jensøn kann henda kunde ha kjent det. Mykje trulegt er det no inkje. Men det finst eit og anna elles òg som nog kunde tyda paa at han hadde lese Peder Claussøn. Som no det sermerkte ørne-namnet Mund-Gaads Fugl (80) [8]. Like eins stykket um Rossmulen (95) [9]. Og Peder Claussen kunde vel gjerne vera ein av dei «Physici» han skyt til naar han talar um ostra (112) [10]. Men dette er lite aa bygja paa, og naar alt kjem til alt, held eg det liklegast at haninkje hev kjent noko til skrifterne av Peder Claussøn. Hadde han fyrst kjent deim, so trur eg me vilde ha funne fleire laan i ordsamlingi hans. 

                 I det heile ser ein so lite merke etter desse «atskillige gamle Norske Bøger», at ein helst maa tru det inkje kann ha vore noko større. Eller òg maa det ha vore skrifter som me no slett inkje veit um. 

                 Ein kann trygt ganga ut ifraa at Den Norske Dictioniarum er ei framsyning av sunnfjordsmaalet slik som det var paa den tid. Arkaismar ser ein lite til. Bokmeisteren hev teke ordi og formerne or den livande daglegtalen, og han hev visst tenkt aa skriva deim som dei lydde paa folketunga. I det store og heile hev han greidt det so nokorlunde òg. Men ein maa hugsa paa at det fanst inkje noko skriftmynster for norskt maal. So snart ein tok pennen i hand, so vilde dei danske stavemaaterne koma liksom av sjølve-seg. Ein ser daa òg at Christen Jensøn rett som det er heng fast i dansk rettskriving. Men for det meste hev han likevel skrive ordi soleis, at ein kann skyna baade kva former dei hev havt, og kor­leis dei hev vorte uttala. Dei stader der ein kann vera i tvil, der er det ofte misprentingar som hev skuldi. Og det kann ein inkje leggja bokmeisteren til last, for han hev sjølvsagt inkje havt noko med prente-rettingi aa gjera. Venteleg hev den danske prentaren heller inkje vore rædd for aa fordanska formerne. Me veit det var vanlegt i dei dagar at bokprentarane stelte med staving og rettskriving etter sitt eige tykkje i alt det dei prenta. 

                 Eg hev samanlikna uppskrifterne hjaa Christen Jensøn med bygdemaalet i vaare dagar paa eit par snare sumarferder i Sunn­fjord. Dei alra fleste ordi er i fullt bruk enno; men eit og anna kann vera avlagt eller umbytt med andre. Dei som inkje finst innførde i dei store nynorske ordbøkerne, hev eg sett upp i ei rekkje for seg sjølve (s. 96– 99). Det er inkje so radt faae. Men sume av deim hev eg funne att livs livande i bygdemaalet, og fleire vilde eg visst ha funne um eg hadde gjeve meg betre stunder til aa leita, og um eg hadde kome vidare ikring. Dessutan er det aa merka at mange av desse ordi er sjølvsagde samansetjingar, og difor inkje upptekne i ordbøkerne. Andre er mode-ord som visst inkje hev halde seg lenge, og nokre er framandord som heller inkje hev slege rot i maalet. Av gode norske ord er det berre faae som hev kome i gløyme. 

                 Og det som hev mest aa segja: i ljodverk og bøygjingsformer hev maalføret halda seg godt som ubrigda. Det maalet dei tala i Askvoll for yver halvtridje hundrad aar sidan, det talar dei den dag i dag, og dei talar det i eitt og alt mest like eins. Me hev her eit godt døme paa det me kann skyna elles òg, at dei norske bygdemaali alt for tri fire hundrad aar sidan hadde fenge den form som dei enno hev. 

                 Christen Jensøn gjer ingi sers utgreiding um ljodverk og ordbøygjing; men i stavemaatarne og hermingarne hans kann ein finna mykje av det som sermerkjer sunnfjordsmaalet. Eg skal her berre nemna eit og anna. 

                 Ein kann sjaa atllognnhev havt den same j-fengne uttalen daa som no. Han skriv t. d.Koille64,steille115, 116, ja ogsoQueil(kveld) 90,æil(eld) 18, ogEildton125. Like eins skriv hanSnø-Foin36,Ejckoin(ikorn) 27,Foiner(forner) 36,Kraakekoin 

60,Queinna Kald90, 113,Toinne(torna) 122. Desse stavemaatarne hadde inkje Christen Jensen funne paa dersom det inkje hadde vore noko sers i uttalen han vilde fenge fram. Ei onnor sak er det at han inkje magtar eller inkje hugsar paa aa vera fylgjerett. Ein finn ofte slike former utani, somBolle12,Landkolle72,Dunne25,Kinne62,Quanne91. 

                 Det er likt til at tviljodarnejoogjuhev vore bruka noko meir daa enn no:Grion42 (nogrøn),Riot95 (noryt’e),paa Siono94 (nopaa sjø’naa). Men at tviljoden alt daa hadde teke til aa veikna, ser ein av former somSiø don111, «SiømaalsiveSiomaal» 111 (nosjømaal),Bryst(paa hus) 18 (like eins no; men i manus minne hev dei sagtbrjost),Fiøs35, «GyttesiveGjota» 42, (enno baadejoteogjytt, f.). Merkelegt er det at Christen Jensøn hevJype59, endaa det no erjupe, f.; ogSkiøer183, nosjor. 

                 Etter gamalnorsk ending paa-rstod det att eine(halvljodenə) daa som no. Soleis i notid av sterke gjerningsord:verte2,breste16, 57,stende46,gjenge113. Men stundom skriv han formerne utan-e:giel9,vert75. –  I eigenskapsord:Vircke(vyrk) 134; og yverførd til former der han upphavleg inkje høyrde heime:ei[n] Makelouse skalcke77,Væsalde gut119. –  I namnord:Glire41,skalcke77,Mige-Moure79,Moldkoke80,ei[n] nisse83,Skrumte107,Strijke116. Elles er slike ord væl so ofte skrivne utan-e, somHelm49,Hielm50,Klep63,Kleg63 og m.fl. 

                 Den gamalnorske indingi-inni namnord og eigenskapsord hev halde sig i sunnfjordsmaal etter vokal, og etter samansett konsonant, og ofte etter konsonanternem, b, p, v, j, kj, g, k. Etterd, t, n, l, r, shev det mest vorte-eneller berre-«n. Denne skiljingi er elles inkje heilt fylgjerett gjenomførd, og inkje skil dei like eins alle stader i Sunnfjord heller. Men det ser ut til aa ha vore like eins paa Christen Jensøn si tid som no. Han skriv samtid-inog sumtid-en, um lag like mykje av kvart. Men det var inkje aa venta at han skulde ha lagt merke til at dette skiftet gjekk etter nokolunde faste reglar. 

                Namnordihev havt same bøygjingsformer daa som no. Mangtal stend oftast med endingi-er; men det er berre dansk stavemaate. Alle stader i Sunnfjord hevr’en longo kome burt, og at han alt var burte daa Christen Jensøn skreiv, det kann ein sjaa av former somHorra52 ogTremenninga56. 

                 Linne kvendkynsord er som oftast skrivne med endingi-e. Men ei gong imillom finn ein og-a:Giota42,Halda46,Ryssa, Villande Ryssa99. Det ser soleis ut til at han ogso hev høyrt-ai desse formerne. No endar dei paa-ei Sunnfjord; men berre ein kjem til Sogn, so er det-a. 

                 I bundi form endar dei paa-abaade sterke og linne kvend­kynsord, somKyra15,Føste færa31,Hura54,Brokia113,Truna128, 129,Sandheita11;Kringtola67,Konna113. Dette er like eins enno. 

                 Dativ hev vore bruka daa som no: «Hand hengie brunen i Himla»- 17, 120; «ret op i Vejra»- 40; «Ilt udi Liva» 56; «Baaten rey om paa Siono» 94; «Eg fann Bondin siølff i tuna» 128; «Da kan vetlum bæra te» 132. Christen Jensøn hev inkje noko døme paa dat. pl.; men det er former som er i fullt bruk enno. Dei endar paa -aa: «vere paa fotaa»; «je beistaa»; «maange taa bøkaa hass» (Askvoll). 

                Vara-ordihev i det heile havt same former daa som no. Soleiseg, meg; du, deg. Side 25 er det sagt at «Deckekaldis Dig»; men det maa visst vera ei mistyding, for i alle hermingarne er detdeg, t. d. 16, 25, 28, 32, 55, 57. –  Hanfinst av og til (121); men for det meste er det skrivehand. I dativ er dethonnaa(haannaa, hunnaa), og det er merkande at denne formi vert bruka berre i dativ:mæ honnaa30, 46, 113;jaa honnaa74;aadt honnaa114. Akkusativ finst nog berre ein einaste stad, men der er dethand: «Lat hand komma te Bortz» 62. Det ser soleis ut til at Christen Jensøn hev skilt millom dativ og akkusativ liksom i gamalnorsk. No hevhaanaaogso vorte akkusativ, baade i Sunn­fjord og mange andre bygdelag. –  Av andre former finn einho40, men inkje [hinne];me5, 55, men inkje [oss]; inkje [de], mendocke25, 31;dan127;da(vanlegt, ei gongdæ92). Like eins adverbetdar11, 122. 

                 Dei einaste pronominale former som inkje liver no, erdeirogdær. Sjaa merknad til s. 24. 

                 Gjerningsordi hev vanleg enda paa-ei infinitiv daa som no. Visst finn ein-afem seks gonger, men det er som oftast i ordtøke og formel-faste hermingar. SoleisFicta53 i ei herming fraa Nordhordland, som heva-maal. Like eins i ordtøki «Leinge kena Vert ey Matedrye» 75, «Dæ er vaint at veta, kuort raangin rengiast» 92, og «Da kan vetlum bæra te» 132. «Lat hand komma te Bortz, han kena* er gjerne òg ei herming fraa-maal.BregtaogRemmia16, 94 er inkje infinitiv, men notid; og det kann vera uvisst umSkværa108 inkje er notid det òg. Det viser seg soleis at sunnfjordsmaalet alt i fyrste helvti av 1600-talet hadde fenge-ei infinitiv, men at-astod att i gamle ordtøke og formlar. Ei skiljing millom-aog-eetter same reglar som i austnorsk maa ein visst inkje tenkja paa, endaa dei dømi me hev paaa-ending kunde synest liksom aa peika i den leid. 

                 I notid hadde linne gjerningsord ava-bøygjingi mistr’en: «Soufuen bregta» 16; «Du snacka» 32; «Hand tala» 48; «hand kena» 62; «Sielda pissa ein» 101. Gjerningsord ave-bøygjingi enda paa-e: «Hand dæse» 10; «Eg seye» 11. Sameleis enno. «Du læra meg» 53 og «Meg vaatte» 131 er vel mistak eller misprentingar; og «Maten koelner» 64 er dansk stavemaate. 

                 I mangtal hev gjerningsordi havt sers former baade i notid og fortid, ser det helst ut til: «Me ere Jamfaren Tremenninga» 55; «Sielda pissa ein ere tvo te» 101; «Dar laage me» 55. Desse formerne er av-eldte no. 

                 Refleksiv hev enda paa-stsom no:Aabøriast2,triffast20,rengiast92;Faast30. 

                 Av andre former kann ein merkaheffue(ogsoheve85), som no hev vorte avstytt tilhe, og i dei ytre bygder (t. d. Værlandet og Bulandet) er umbytt medha(r). 

                 So er det nokre gjerningsord som hev vore bruka onnorleis i ordfellingi enn no, t. d. «Meg breste Ilaat» 16, 57; «Meg brigdast inche stoert om deg» 16; «Meg vaatte ret incke om deg» 181; «kort Lijst deg darpaa» 73; «deg Vante nocke ennu» 133. Alle desse maa no hava personlegt subjekt. 

                 Um likskap og ulikskap millom Den Norske Dictionarium og maalet no til dags vil ein elles finna meir i merknaderne til dei einskilde ord og ordlag. 

                                                                       * 

Christen Jensen sende ut arbeidet sitt med gode voner, «visselig forhaabendis at det en huer som det forekommendis vorder, skal være kiert oc angenem.» Men vonerne vart vel svikne, maa ein ræddast. Det ser helst ut til at boki vart lite kjend, og endaa mindre vyrd. Paa eit hundrad aar finn me henne berre so vidt nemnd eit par stader, i bibliografiske arbeid av Albert Bartholin(1666) og Albert Thura(1723). Og det er snaudt um nokon av deim hev havt boki i hand, sidan dei baae kann segja at ho er in quarto [11]. 

                 Det er underlegt at ein mann som Ole Worm inkje hev gaatt dette arbeidet. Han kunde daa havt bruk for eit og anna tilHistoria animalis, qvod in Norvagia qvandoqve e nubibus decidit, som han gav ut i 1653. Men boki hev vore ukjend for naturgranskarane like fraa Ole Worm og Hans Strøm til H.Tho.L. Schaanning, som kunde ha funne ymist her til sit Norsk fugle-register (Bergen 1913). Ein av dei faae som hev nytta Christen Jensøn i naturhistoriske skrifter, er bispenGunnerus, t.d. i Det Trondhiemske Selskabs Skrifter III (1765), 109. 

                 Den fyrste som skreiv noko større um Christen Jensøns Dictio­narium, varErich Pontoppidan. Daa han vart bisp i Bergen i 1748, høyrde han snart at det var mykje i folkemaalet som han inkje skyna, og han var rædd at bønderne og fiskarane maatte skyna like lite av hans maal. «Da jeg imidlertid ønskede at forstaae og forstaaes af enhver», segjer han, «saa foretog jeg mig paa min førsteVisitations-Reyse, begyndtein Julio 1748at antegne alle 

mig forekommende fremmede Ord og Talemaader.» [12] – – «Efterat jeg saaledes paa egen Haand havde bragt maaskee 3 à 400 Ord tilsammen, fandt jeg paa min Visitations-Reyse i Mangers Præstegaard, en liden trykt Bog, hvilken satte mig i Forundring, da jeg aldrig før havde seet den, kand ey heller til visse sige Auctors Navn, efterdi Titul-Bladet saa velsom det Bageste var borte, dog mener jeg, det maa være det af Alb. Barthol. de Script. Danor. p. 24. og Alb. Thura, in Idea Histor. Literar. dan. p. 310 anførte 1646 til Kiøbenhavn trykte Dictionarium Norvagicum Auctore Christierno Jani, Pastore Aschevoldense, (hvilken 1653 druknede paa Reysen til sin Annex-Kirke) skiønt samme siges at være trykt in Qvarto, da min omtalte Piese er in 8 vo  af faa Blade. Derudi fandt jeg en god Deel saadanne Ord, som hidindtil ikke vare mig forekomne, dog ogsaa mange af det Slags, der ey burde have Sted, blant rare Norske Ord, efterdi de ere brugelige blant os Danske selv, hvilket Auctor, som en indfødt Norsk, ikke saa nøye har kundet adskille, ligesom han af samme Aarsag har udeladt heel mange rare Ord, hvilke han ey har vidst at være rare for os Danske. For Resten seer Læseren ved Sammenligning, paa hvert Blad Adskilligheden af hiin og denne Samling.» [13] 

                 Ja «Adskilligheden» millom Christen Jensøn og Pontoppidan er snar aa sjaa. Men det er inkje so som bispen tykkjest meina, at hans samling er so mykje betre enn den gamle. Nei tvertum. Endaa han livde hundrad aar etter Christen Jensøn, so naar han honom inkje paa langt nær. Saki er den, at Christen Jensøn skreiv um noko som han var inne i, Pontoppidan inkje. Difor hev askvollspresten kunna gjeve oss ei retteleg norsk ordbok, medan den lærde bergensbispen berre hev raska i hop ei raritets-samling. 

                 Pontoppidan nemner òg Christen Jensøn og arbeidet hans iAnnales ecelesiæ DamcæIV(Kopenhagen 1752), 413. 

                N.M. Petersenkallar boki «en mærkværdig Norsk Ord­samling» i Bidrag til den danske Literaturs Historie III, 361, og s. 378– 379 i same band prentar han av nokre prøvor. 

                 Det er sjølvsagt at denne fyrste norske ordsamlingi hev vore nytta av dei som seinare hev granska folkemaalet vaart. Soleis vert ho ofte nemnd avLaurents Hallager,W.F.K. Christie, Ivar Aasen, Hans RossogMarius Hægstad. 

                 Den primstaven som Christen Jensøn hev teke med i boki si, hev eg inkje stort aa segja um. Ole Wormhadde i Fasti Danici(Hafniæ 1626 og 1643) gjort ei lærd utgreiding um kalender og runestavar. Der hadde han òg teikning av nokre runestavar, soleis i andre utgaava av ein norsk ein. [14] Dette verket hadde gjerne Christen Jensøn lese, og det kann vel vera det som hev sett honom paa tanken um aa gjeva ut denne primstaven fraa Sunnfjord. 

                 Christen Jensøn hev her gjeve vigtige upplysningar um prim­staven og merkedagarne, og dei som seinare hev skrive um desse ting, hev havt mykje gagn av utgreidingi hans, t. d. P.A. Munchi Norsk Folke-Kalender for 1848, 17–40, og 1859, III– XXXXVII; og Kristofer Vistedi Bidrag til tydning af primstaven (Bergens Museums Aarbog 1903, No. 5). [15] 

                                                           * 

Christen Jensøns Dictionarium hev vel inkje vorte prenta i noko stort upplag. Og me høyrer av Pontoppidan at boki alt vare sers sjeldsynt ikring 1750. Christie kallar henne Liber rarissimusi eit eksemplar som hev høyrt honom til. Og no er dei lett teljande dei eksemplar som er att; dei fleste finst i offentlege bok­samlingar. Bergens museum hev eit heilt og eit uheilt eksemplar, vitskaps-sellskapet i Trondheim eit heilt (fraa Thorv. Boecks sam­ling), og universitetsbiblioteket i Kristiania tvo uheile. I Kjøpenhamn finst det tvo gode eksemplar paa det kongelege bibliotek, og eit mindre godt paa universitetsbiblioteket. Det store kongelege bibliotek i Stockholm hev eit heilt eksemplar, og Carolina i Upp­sala eit heilt og eit uheilt. Stadsbiblioteket i Goteborg kjopte eit eksemplar paa professor Wimmers bokauktion i Kjøpenhamn 1912 (for kr. 65,25). Av eksemplar i privat eige veit eg berre um tri: eit hjaa professor J.A. Lundell i Uppsala, eit hjaa konservator Th. Petersen i Trondheim, og eit godt eksemplar eig eg sjølv. Ivar Aasen skal òg ha aatt boki; men ho finst inkje no i boksamlingi hans i Aasen-stova i Ørstinne [16]. 

                                                                       * 

Denne utgaava her skulde vera ei bokstavrett avprenting av den gamle. Ingen ting er brigda eller retta. Dei mest vill-leidande misprentingar i dei norske ordi hev eg gjort merknad um. Men dei fleste hev eg inkje nemnt, og misprentingar i dansken hev eg sjeldan ansa, endaa det kryr av deim. Dei byrjar alt paa tittel­bladet, med «Seyerserck» for »Seyerverck». 

                 Elles er det aa merka at dei ymse eksemplar av den gamle utgaava inkje alltid samstavast. Eg hev lagt merke til ulik pren­ting av desse ordi: S. 1 hev sume eksemplarestog sumeæ; s. 4AlvakenogAlvakien; s. 12Bierge-draapogBerge-draap; s. 13BlomryckeogBlomryckie; s. 16TraadenogTraain; s. 37 Framkusin ogFramfusin. 

                 Dei siste formerne er dei rettaste, og dei er nytta her. 

                 Den gamle utgaava er prenta med fraktur. Uppslagsordi, og i det heile ord og vendingar paa norsk, er sette med feite typor, og latinske ord med antiqua. Men skiljingi er inkje greidt og fylgjerett gjenomførd. 

                 Denne nye utgaava er prenta med antiqua. Norsken er sett med feite typor, og latinen med skaa-skrift (kursiv). Og det er skilt millom skriftslagi som i den gamle utgaava, anten det var rett eller gale. Paa den maaten skulde ein som les den nye utgaava, so nokolunde kunna faa ein tanke um korleis den gamle ser ut. Det vil ein elles kunna sjaa betre av det gamle tittelbladet og prim­staven som er tekne med in facsimile. 

                 Til merknaderne hev eg nytta desse handskrivne kjeldor: 

                 Knud Leemssamlingar av vestlandske ord, ordlag og ord­tøke (Det kgl. bibl. i Kjøpenhamn, Kallske samling nr. 597, 4 to). 

                 W.F.K. Christie: Prøver af et Norsk Dialect-Lexicon (Bergens museums handskriftsamling nr. 179); Samlinger til et Norsk Dialect-Lexicon (s.s. nr. 180); Etymologicon (s. s. nr. 68). 

  

Bergen i september 1915. 

Torleiv Hannaas. 

  

Merknad: 

I originalteksten er det brukt inverterte hermeteikn. 

I originalteksten er nokre personnamn sperra, medan nokre ord og uttrykk er kursiverte. Vi har halde på desse kursiveringane, men har også kursivert personnamna. 

  

Frå Christen Jensøns Den Norske Dictionarium eller Glosebog. I ny utgaave ved Torleiv Hannaas. Kristiania 1915, side V-XVI. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 

[1] Brickas Dansk biografisk Lexikon VIII, 400. 

[2] Theologisk Tidsskrift, Ny Række VII (Christiania 1880), 121. 

[3] Sjaa her nedanfor. 

[4] S. Birket Smith: Kjøbenhavns Universitets Matrikel I (Kbh. 1890), 84. 

[5] J. F. Lampe: Bergens Stifts Biskoper og Præster II (Kra. 1896), 106. 

[6] Sjaa fyreordet til Maallære og ordtøke fraa Vest-Agder. 

[7] Gustav Storm i Samlede Skrifter af Peder Claussøn Friis (Kra. 1881), LXI. 

[8] Peder Claussøns Samlede Skrifter 122. 

[9]  S. s. 86 og 87. 

[10] S. s. 110. 

[11] Sjaa ordi hans Pontoppidan her nedanfor. 

[12] Glossarium Norvagicum (Bergen 1749), 12. 

[13] S. s. 20– 21. 

[14] Sml. Sophus Bugge: Norges Indskrifter med de ældre Runer II (Christiania 1904), 478-501. 

[15] Den beste uppteljing av primstav-litteratur er aa finna i Oluf Kolsrud: Norske Folkeminne utgjevne av Den Norske Historiske Kildeskriftkommission I (1914), 9, note 12. –Eg kann leggja til: Luigi Frati, Di un Calendario runiro della Pontificia Universita di Bologna. (Bologna 1841). I det verket er òg nytta nokre avhandlingar som Kolsrud inkje hev nemnt. 

[16] Merknad frå red: Her tek Hannaas i miss boka finst i boksamlinga til Ivar Aasen, med samlingsnummer 231.