1903 Den unionelle søkkjemyra

Rasmus Steinsvik

Det skal vera so bra aa veksa seint; det skal tyda paa eit langt liv. Er det sant, so kan det norske folk gledja seg til ein høg alder; for ingen skal seia, at det skyt for sterk fart i sin nationale vokster.

I snart 90 aar hev me no slegest med svenskane um vaar rett i unionen. I 90 aar – og det endaa me i 1814 liksom skulde verta eit fritt folk aa rekna for.

Og kva hev me ikkje ofra i alle desse aari. Tenk paa all denne lange beiske strid, og all den kraft han hev slukt. Ein strid som hev vorte mange av vaare beste til fall.

Statshaldarsaki burde ein kunne ha fenge ut av verdi paa lempeleg maate, som det og ei stund saag ut til skulde la seg gjera. Men kor maatte ikkje heile folket liksom ta seg saman i krampetak for aa vinna fram.

«Absolut Veto» til ein svenskfødd unionskonge burde ha vore utenkjelegt. Likevel maatte folket upp i ein aarelang stridsfeber for aa verta kvitt dette utysket.

Og no ein so sjølvsagt ting som dette, at me vil ha vaart eiget utriksstyre no me ikkje lenger treng um aa liva paa laan – kva hev det ikkje kosta av strid og møde. Kor hev det ikkje vore sjaua um dette no i 10–15 aar. Kor hev ikkje vaare beste menn øydt si tid og si kraft paa aa syna, at me berre krev vaar rimelege rett. Og kva hev det altsaman ført til? kor langt er me komne?

So langt, at vaart norske parlamentariske vinstrestyre for tridje gong hev svikta eit program som gjeng ut paa aa ordna ei norsk sak paa norsk maate utan svensk innblanding.

Det er det som gjer denne unionsstriden so vond og beisk, at me hev lide so mang ein harm, og at det ligg so mange vrak etter han. Der rende Ueland paa grunn; der stranda Johan Sverdrup; og der hev dei seinare siglt seg fram paa, baade store og smaa.

Sjaa t. d. «V.G.» Det var ofte i mange spursmaal ein verhane. Men i unionsstriden stod det altid paa den rette sida, heilt til 1895. Og daa ogso, paa eit vis; iminsto etter vaart skyn. Utsetjing den gongen, med staalsett vilje til aa ta saki upp att paa tryggare grunn, let seg forsvara. Det vanta daa helder ikkje paa, at bladet paa tru og ære lova, at naar forsvaret var istand, so skulde ein ta saki uppatt; og daa skulde der ingen firing verta. – Og no – no naar forsvaret er betre istand en det etter maaten nokon gong kan verta heretter, no finn dette same bladet det sjølvsagt, at me firer, jamvel i dette konsulatspursmaalet.

Eller sjaa Bjørnson. Kva magt hev ikkje denne mannen lagt i sine eggjande ord heilt fraa 60-aari. Kor hev han ikkje lagt ut um «selvstændighedens æresfølelse» og avdømt all pruting og akkord i desse ting. Og no smyg denne , «norske løva» umkring paa kattefot og svansar med halen etter svensk naade, og gjøler og smeikjer so det er ilt aa lesa det.

Eller naar ein minnest alle dei valtalar som medlemerne av vaart norske riksstyre hev halde berre i desse siste 10 aar til aa eggja folket i kravet paa eiget utriksstyre. Og no daa folket hev kravt, gong paa gong, og gjeve desse herrarne fullmagt til aa ordna tingen, – no gjeng dei av og fær istand ny forhand¬ling med Sverige um ei undergrein av utriksstyret. Og for at desse forhandlingane ikkje skal gaa upp i inkje som alle unionelle forhandlingar so bind dei seg til eit «grunnlag» som bønlaust vil setja ein pinn for vidare arbeid for norsk utriksstyre.

 

*

 

Dette, og meir, er frukterne av vaart politiske sam¬lag med Sverige. Kan ein daa vente anna, en at hatet til unionen gror? Det gror under alt dette slik, at det ikkje lenger finn ord. Det maa seint eller tidlegt faa sitt utslag i handling.

Mennerne er det ikkje verdt aa døma for hardt; det hjelper so lite. Me minnest, kor Johan Sverdrup vart tildengd, daa han under vanskelegare vilkaar tok avleides – tildengd just av desse som no vil føre oss til nye avslag. Men me minnest det ikkje med glede. Harmen er visseleg ikkje mindre sterk no; men lat han faa setja seg um i fast vilje; det er meir verdt en alle store ord som kryp i skjol paa avgjerdsdagen.

 

Den 17de Mai. 2. mai 1903. Her frå Utvalde skrivter III, s. 43-45. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006