Aktuelt

Øystein Orten og Svein Sæther.

Øystein Orten og Svein Sæter i samtale om krigen

Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal er godt i gang med haustturneane i fylket. 28.–30. september møter forfattarane Øystein Orten og Svein Sæter publikum på biblioteka i Valldal, Fosnavåg, Volda og Sula. «Skal vi aldri bli ferdige med krigen?» blir ei interessant stund med refleksjonar og diskusjonar.

Les meir
Anna Kleiva og Mette Moestrup

Tett mellom høgdepunkta på Poesifestivalen

Eit begeistra publikum kunne gå frå høgdepunkt til høgdepunkt under Poesifestivalen 2021. – Me har fått utruleg gode og hyggelege tilbakemeldingar frå både publikum og utøvarar, og er veldig nøgde med festivalen, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret.

Les meir
Arenaleiar ved Haugesenteret, Geir S. Netland saman med elevar frå Brakanes skule som las eigne dikt under opninga.

«Olav H. og eg»

«Olav H. og eg» I veka som leia fram til poesifestivalen fekk fire sjuandeklasser i Hardanger og Voss besøk av poet Endre Ruset med skriveverkstaden

Les meir
Endre Olsen fekk Olav H. Hauge-stipendet 2020 (i 2021)

Olav H. Hauge-stipendet til Endre Olsen

Songaren og låtskrivaren Endre Olsen frå Stord fekk Hauge-stipendet under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 3. september.
– Eg kan ikkje tenkje meg noko som er større enn å ta i mot ein pris i namnet til Olav H. Hauge. Dette er ei stor æra, seier han.

Les meir
Arnfinn Kolerud.

På turné med Gamle menn i syningom

Arnfinn Kolerud er ein profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar som har vunne fleire litterære prisar og fått gode kritikkar for den siste boka si. Saman med Nynorsk kultursentrum held han 3.–7. september foredrag på Voss, Etne, Kinsarvik og i Haugesund om den siste romanen, som går inn i den norske språkstriden. 

Les meir
Bilete av SNL-artikkelen Klimaflyktning

10 000 leksikonartiklar på nynorsk

I 2020 gjekk Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon (SNL) saman om eit strategisk samarbeid for å få meir nynorskinnhald i SNL. Med artikkelen om klimaflyktningar frå Allkunne har SNL no runda 10 000 leksikonartiklar på nynorsk.

Les meir