Aktuelt

Ivar og Grutle frå Enslaved

Mitt språk – min song: Enslaved

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar og band til å skrive ein ny song med nynorsk tekst. Møt Grutle Kjellson og Ivar Bjørnson frå det Haugesund-baserte ekstremmetall-bandet Enslaved.

Les meir
Bilete av Daniel Kvammen

Mitt språk – min song: Daniel Kvammen

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar til å skrive ein ny song med nynorsk tekst. Blant dei finn me den følsame hallingen Daniel Kvammen. Songen han har skrive er fyrste smakebit frå den nye plata han slepper i oktober. Me fortener ein som han.

Les meir
Foto av Reidar Djupedal

Feiring av Reidar Djupedal i Aasentunet

I år er det 100 år sidan Ivar Aasen-forskar Reidar Djupedal var fødd. 5. august, som òg er fødselsdagen til Ivar Aasen, feirar Nynorsk kultursentrum med arrangement og godbitar frå samlingane, blant anna fleire handskrift etter Ivar Aasen.

Les meir
Moddi

Mitt språk – min song: Moddi

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar til å skrive ein ny song med nynorsk tekst. Først ute er den uredde visesongaren Pål Moddi Knutsen, som er spesielt kjend for vakre og melankolske songar som «Togsang» og «Nordnorsk julesalme».

Les meir
Bilete av Aina Basso

Aina Basso er festspeldiktar i 2022

– Eg trong ikkje tenkje meg om då eg fekk spørsmålet om å vere festspeldiktar, seier forfattar Aina Basso. No ser ho fram til å treffe publikum under Festspela 9.–12. juni 2022.

Les meir

Godt å møtast til festspel igjen

Festspelpublikummet i Ørsta og Volda fekk høyre og sjå programpostar med både Hallstein Bronskimlet, bibelspråk, konspirasjonsteoriar, frisk popmusikk og eksperimentell tango. Trass færre arrangement har festivalen halde på breidda i innhald og uttrykk.

Les meir

Over land og hav med Brit Bildøen

Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal har hatt fleire turnear på lokale bibliotek i fylket denne våren. Forfattar Brit Bildøen avsluttar vårprogrammet med boksamtalar ved utvalde bibliotek på Sunnmøre i juni og august.

Les meir