Nynorsk.no / Aktuelt / Bli med på høgtlesing i Haugesenteret
Bli med på høgtlesing i Haugesenteret
Laurdag 1. oktober held Haugesenteret ope frå kl 11.00-13.00 under årets Oktobertorghelg i Ulvik.
Kl 12.oo denne dagen vert det lesestund med rebusjakt i senteret. Formidlar Anja Haugland Svingen les frå boka Ulla, ei morosam og fin forteljing om flokk og felleskap. Etter lesestunda kan borna bli med på å leita etter Ulla og venene hennar som har gøymt seg i utstillinga. Haugesenteret har fri inngang i utstillinga denne dagen.
I haustferieveka inviterer Haugesenteret til lesestund med bøkene Knokedunk og Reisa til verdas farlegaste land.
Tysdag 11. oktober kl 12.00 les formidlar Anja Haugland Svingen frå boka Knokedunk. Etter lesinga let me oss inspirera av rørslene til mennesket, tigeren, kvalen, elefanten, ein axolotl og ein robot. Saman lagar me ein dans der me brukar rørsle, rytme, tempo, takt og dynamikk som illustrerer å klappa, klora, klatra, grava, symja, fly og knokedunke.
Torsdag 13. Oktober kl. 12.00 vert det lesestund med boka Reisa til verdas farlegaste land. Etter den farleg reisa går me alle inn i Poesiverkstaden og skriv våre eigne grøssarhistoriar.