Aktuelt

Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark

Stortinget ser nynorskbrukarane, men endrar ikkje det viktigaste

I dag la familie- og kulturkomiteen på Stortinget fram innstilling til språklova. – Stortinget ser godt kva nynorskbrukarane treng, men fleirtalet lét vere å gjere avgjerande lovendringar som hadde styrkt nynorsken, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Les meir
Skisse av det nye resepsjonsområdet i Aasentunet av Hille Strandskogen Arkitekter

Byggjer om resepsjonen

Aasentunet byggjer om resepsjonsområdet i perioden 19. februar til 15. mars. I samarbeid med Hille Strandskogen Arkitekter er det lagt planar for ei opnare løysing.

Les meir
Bilete av direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark

På leit etter nynorske pilotbibliotek

Nynorsk kultursentrum lanserer satsinga nynorske pilotbibliotek for å gjere nynorsk synlegare sør og aust i Noreg. – Vi vil samarbeide med biblioteka om å formidle nynorsk kultur og litteratur, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Les meir
Bilete frå framsyninga av Les for livet: fluktrute

Den kulturelle skulesekken – Les for livet: fluktrute

I januar–mars er alle 5.–7. klassene i Volda og Ørsta inviterte til Aasentunet og eit nytt tilbod i Den kulturelle skulesekken frå Nynorsk kultursentrum. 20 engasjerte elevar frå 7. klasse ved Bratteberg skule i Volda fekk vere med på premieren 18. januar.

Les meir
Bilete frå innspelinga av musikkvideoen til Nordmannen

Eit godt digitalt år for Nynorsk kultursentrum

I 2020 var det for første gong over 800 000 besøk på nettsidene til Nynorsk kultursentrum. – Eg er glad vi har vore til stades digitalt i eit år der fysisk nærvær har vore vanskeleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Les meir