Kollasj. Aina Villanger, Jo Eggen, Kristin Berget, Bjørn Tomren og Valkyrien Allstars.

Programslepp for Poesifestivalen: Poesien er fri

Kollasj. Aina Villanger, Jo Eggen, Kristin Berget, Bjørn Tomren og Valkyrien Allstars.
Programslepp for Poesifestivalen:

Poesien er fri

Haugesenteret inviterer til poesifestival 9.–11. september, med poetane Jo Eggen og Aina Villanger, og konsertar med Bjørn Tomren og Valkyrien Allstars.

– Me ser fram til ein ny poesifestival der lyrikk og musikk ikkje treng å kjempa med meteren, seier arenaleiar Geir S. Netland ved Haugesenteret.

Det skapande i poesien
Årets festivaltema er fri. Poesien er fri og kan bryta grenser, og sjølve ordet poesi er knytt til det å skapa noko nytt. Kva er det då som kjem til, og kva er drivkrafta i det poetiske? Poetane Aina Villanger, Jo Eggen og Kristin Berget evnar alle å utfordra og frigjera det poetiske språket og slik opna opp for nye perspektiv på tilværet, seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Stjernekampvinnar og folkemusikk for framtida
Med sitt sterke nærvær og nerve frå scena er Valkyrien Allstars omtala som eit av landets beste liveband. Ut frå gamle slåttar og stevtekstar fornyar dei den norske folkemusikktradisjonen med inspirasjon frå jazz, blues, soul, rock og reggae. I eit gnistrande samspel lagar dei fire folkemusikk for framtida med tankevekkande tekstar.

– Me er glade for allereie no å kunna presentera nokre av dei inviterte poetane og artistane som stod øvst på ønskjelista, saman med eit spennande festivaltema, avsluttar Jorid Lekve Eide.

Poesifestivalen går føre seg i Olav H. Hauge si heimbygd Ulvik, 9.–11. september 2022. Fullstendig program vert presentert i midten av juni. Festivalpass og billettar er tilgjengelege på nynorsk.no.