Økland-seminar
Utstillinga «Den vesle manns kunst» er kuratert av Sunnhordland museum, medan Nynorsk kultursentrum har invitert leiande forskarar innan litteratur, skriftkultur og kulturhistorie.
Utstillinga «Den vesle manns kunst» er kuratert av Sunnhordland museum, medan Nynorsk kultursentrum har invitert leiande forskarar innan litteratur, skriftkultur og kulturhistorie.
På bibliotek kring om på Sunnmøre kan ein oppleve gratis samtalar, føredrag og forfattarsamtalar som tek for seg tema som norsk sidertradisjon, rasisme, utanforskap, og drøfting rundt det å skrive ein god roman.
Nasjonale institusjonar treng ikkje ligge i hovudstaden. Dei kan like gjerne vere i Ørsta, Ulvik og Vinje.
Barneavisa Framtida Junior er kåra til Årets nynorskbrukar 2023. – Framtida Junior får prisen for å bryte veg for meir nynorsk i digitale medieflater, med varierte emne for 7–13-åringar, seier styret i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum ber om nominasjonar til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar» for 2023. Prisen blir som tidlegare år delt ut under Festspela, som i 2023 har temaet «Barnet». Alle som vil kan føreslå kandidatar til prisen.
Nynorskinstitusjonane får mindre del av kulturbudsjettkaka enn før. – Det er synd at nynorskdelen av kulturkronene er mindre. Ambisjonane for nynorsk i 2023 burde vore like store som dei samla ambisjonane for kulturfeltet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
For første gong var heile familie- og kulturkomiteen i Stortinget på besøk til Nynorsk kultursentrum i Aasentunet. – Kvart år byrjar over 7 000 fyrsteklassingar med nynorsk som førstespråk. Det er eit av dei største mindretalsspråka i Europa. For at det skal halde fram må me ha både vitskap og kunst, sa styreleiar Reidar Sandal til stortingspolitikarane.
Nynorsk kultursentrum er med i eitt av 82 prosjekt som får støtte frå ordninga for banebrytande forsking i Noregs forskingsråd. Forskarar frå fleire institusjonar skal sjå på ulike forfattarskap, blant anna korleis Tarjei Vesaas og Olav Duun nådde ut i Tyskland, Storbritannia og USA mellom 1900 og 1950.
Amboltprisen vert delt ut under Poesifestivalen og går til ein person som har arbeidd for Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjent. Styret i Venelaget Olav H. Hauge har vedteke at prisen for 2022 skal gå til Einar Økland.
Først ut i samtale-serien er Tuva Syvertsen, som har invitert med seg lyrikar Svanhild Amdal Telnes. Dei vitja Seljord bibliotek 6. september og vitjar Stord bibliotek 7. september og Kvinnherad bibliotek 8. september.