Ukategorisert

Bilete av Per Magnus Finnanger Sandsmark

Kommunerekord for Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, var i 2022 til stades i 104 kommunar. – Med arrangement og utstillingar for barn og vaksne frå Lillesand i sør til Alta i nord, er me med på å spreie nynorsk for hovud og hjarte til heile landet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Bilete av konservator Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde i Nynorsk kultursentrum

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle bøkene. Forskar Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne ukjent informasjon om både Aasen og arbeidet hans. Dei 1 000 første bøkene er denne veka tilgjengeleg på digitaltmuseum.no.

Bilete av Per Magnus Finnanger Sandsmark og Svein Olav Langåker

Nynorskorganisasjonane forventar kulturløft

I nyare tid har inga tidlegare regjering lagt fram eit kulturbudsjett der nynorskdelen er under 2 prosent. – Me har von til at SV prioriterer å løfte nynorsktiltaka i budsjettforhandlingane, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Bilete av Per Magnus Finnanger Sandsmark og Synnøve Marie Sætre

Ber stortingskomité om å innfri nynorskløfte

Det er over 6 år sidan Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å sørgje for at nynorskelevar har rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen. – Eg ber utdannings- og forskingskomiteen lytte til våre innspel og sørgje for handling, sa Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum under budsjetthøyringa i Stortinget i dag.

BIlete av Stig Helset, Liv Astrid Langnes, Fredrik Hope, Gudrun Klove Juuhl, Hjalmar Eiksund, Kristin Sjohelle, Narve Fulsås og Jorid Saure

Open fagdag om nynorsk skriftkultur

Tilsette, studentar og andre interesserte er velkomne til årleg fagdag om nynorsk skriftkultur. Programmet rommar siste forsking på målformer og språkbyte i skulen, biblioteka si rolle i språkpolitikken, ressursar for norsklærarar og innsikt i korleis bruke arkiv og fagbibliotek som kjelder til å finne svar på bestemte forskingsspørsmål knytte til vitskaplege artiklar eller masteroppgåver.