Vinjesenteret

Minnerike litteraturdagar i Vinje

Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Litteraturdagane. Temaet for årets litteraturdagar var «Motkultur», og dette viste godt att både i programmet og i valet av utøvarar for festivalen.

Bilete av ein formidlar ved Vinjesenteret som les for barn.

Toppkarakterar for Nynorsk kultursentrum i museumsvurderinga for 2022

Nynorsk kultursentrum får toppkarakter på alle punkt i Kulturdirektoratet si vurdering av musea i Noreg i 2022. – Dette viser at det gode og systematiske arbeidet dei tilsette gjer, blir lagt merke til. Slike resultat kan vi berre oppnå med tilsette med stort engasjement, vilje til å løyse utfordringar og solid kunnskap, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Bilete av ISÁK

​​ISÁK entrar scena under Litteraturdagane i august​

Torsdag 24. august står musikar og samfunnsaktivist Ella Marie Hætta Isaksen og bandet ISÁK på scena i Raulandsakademiet. – Me ynskjer å nå eit yngre publikum, og tenkjer at denne konserten i oppstartsveka ved Universitetet i SørAust-Noreg legg til rette for dette, seier digitalformidlar ved Vinjesenteret, Mari Tveiti.

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre