Aasentunet

Bilete av ein formidlar ved Vinjesenteret som les for barn.

Toppkarakterar for Nynorsk kultursentrum i museumsvurderinga for 2022

Nynorsk kultursentrum får toppkarakter på alle punkt i Kulturdirektoratet si vurdering av musea i Noreg i 2022. – Dette viser at det gode og systematiske arbeidet dei tilsette gjer, blir lagt merke til. Slike resultat kan vi berre oppnå med tilsette med stort engasjement, vilje til å løyse utfordringar og solid kunnskap, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Bilete av Bjørn Eidsvåg og nærmare 650 gjestar i Uteamfiet i Aasentunet

Strålande Festspel

Strålande sommarvêr la rammene for ei fantastisk festivalhelg, med eit variert og innhaldsrikt program og høg kunstnarleg kvalitet. Laurdag kveld fekk nærmare 650 gjestar oppleve ein magisk konsert med Bjørn Eidsvåg i Uteamfiet i Aasentunet.

Bilete av Svein Olav Langåker frå Framtida Junior og styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal

Framtida Junior fekk prisen Årets nynorskbrukar

Det var ein glad Svein Olav Langåker som tok i mot prisen Årets nynorskbrukar 2023 på vegner av Framtida Junior, under fagseminaret til Festspela torsdag 8. juni. Framtida Junior fekk prisen for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne for 7–13-åringar.

Bilete av Sigrid Moldestad og Regndråpeorkestaret

Barnet i fokus under Festspela 2023

Aasentunet inviterer til Festspela 8.-11. juni. Møt kjende namn som Kari Stai, Maria Parr, Runar Gudnason, Brynjulf Jung Tjønn og Olaug Nilssen. Opplev konsertar med mellom anna Sigrid Moldestad & Regndråpeorkesteret og Bjørn Eidsvåg. Årets Festspel har fleire arrangement både for og med barn og unge enn tidlegare.

Bilete av konservator Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde i Nynorsk kultursentrum

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle bøkene. Forskar Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne ukjent informasjon om både Aasen og arbeidet hans. Dei 1 000 første bøkene er denne veka tilgjengeleg på digitaltmuseum.no.

Nynorsk kultursentrum: Styreleiar Reidar Sandal og direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Familie- og kulturkomiteen: Ragnhild Male Hartviksen (Ap), leiar Grunde Almeland (V), Margrethe Haarr (Sp), Åse Kristine Ask Bakke (Ap), komitésekretær Ingrid Sand, Silje Hjemdal (FrP), nestleiar Tage Pettersen (H), Kathy Lie (SV), Turid Kristensen (H) og nestleiar Åslag Sem-Jacobsen (Sp).

Kulturkomiteen vitja Aasentunet

For første gong var heile familie- og kulturkomiteen i Stortinget på besøk til Nynorsk kultursentrum i Aasentunet. – Kvart år byrjar over 7 000 fyrsteklassingar med nynorsk som førstespråk. Det er eit av dei største mindretalsspråka i Europa. For at det skal halde fram må me ha både vitskap og kunst, sa styreleiar Reidar Sandal til stortingspolitikarane.

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre