Aktuelt

Foto: Skjalg Ekeland

Lesering med Stein Versto

Er du glad i å lese? Kunne du tenke deg å lese bøker og diskutere dei saman med andre? Då kan leseringen vår vera noko for deg.

Her skal me lese bøker og samtale om dei i trivelege omgjevnadar på Vinjesenteret. Leseringen møtast seks måndagar på rad frå klokka 18:30 og blir leia av forfattar Stein Versto.

Les meir
Bilete av Einar Økland

Amboltprisen til Einar Økland

Amboltprisen vert delt ut under Poesifestivalen og går til ein person som har arbeidd for Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjent. Styret i Venelaget Olav H. Hauge har vedteke at prisen for 2022 skal gå til Einar Økland.

Les meir
Bilete av Svanhild Amdal Telnes og Tuva Syvertsen

«Lytt til lyrikken» er i gang igjen

Først ut i samtale-serien er Tuva Syvertsen, som har invitert med seg lyrikar Svanhild Amdal Telnes. Dei vitja Seljord bibliotek 6. september og vitjar Stord bibliotek 7. september og Kvinnherad bibliotek 8. september.

Les meir
Bilete av Marianne Gretteberg Egedal

Litteraturdagane for dei minste

Søndag 28. august kl 12.30 ynskjer Vinjesenteret og Nynorsk kultursentrum barnefamiliar velkomne til lesestund med illustratør og forfattar Marianne Gretteberg Engedal, der ho les og fortel frå biletboka Pølsetjuven.

Les meir
Bilete av Kari Stai

Kari Stai er festspeldiktar i 2023

– Eg vart nokså overrumpla og mållaus da eg vart spurt om å vere festspeldiktar! For ei ære!, seier forfattar, illustratør og biletkunstnar Kari Stai. No gler ho seg til å treffe publikum på Festspela i Aasentunet 8.–11. juni 2023.

Les meir
Bilete av Einar Økland

Einar Økland opnar Poesifestivalen

Eit av landets beste liveband Vallkyrien Allstars, den allsidige forfattaren Einar Økland og vinnar av Tarjei Vesaas» debutantpris 2020 Karoline Brændjord, er nokon av dei som gjestar Olav H. Hauge si heimbygd festivalhelga 9.-11. september.

Les meir