Aktuelt

Ine Hoem og Edvard Hoem. Foto: Kjell Kalleklev Management

Ine og Edvard Hoem opnar Festspela

For første gong på tre år planlegg Aasentunet for festspel i full storleik. No er størsteparten av programmet offentleggjort, der mellom anna Ine Hoem og Edvard Hoem står for opningskonserten.

Les meir
Kollasj Frode Grytten, Tore Kvæen og Victoria Kielland.

Litteraturdagane feirar Tarjei Vesaas

Frode Grytten, Hildegun Riise og Aasmund Nordstoga er nokre av utøvarane som gjestar årets Litteraturdagar. Det er 125 år sidan den store diktaren frå Vinje vart født, og Vesaas-året blir markert med ei rekkje arrangement under festivalen 25.–28. august.

Les meir
Erlend Skjetne.

Får besøk av brageprisvinnar Erlend Skjetne

I veke 13 kjem brageprisvinnar Erlend Skjetne til Sunnmøre for å halde føredrag om boka Eit anna blikk, ei forteljing frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Ein kan få med seg føredraget ved Sykkylven bibliotek, og utvalde skuleklasser får sjå føredraget i samarbeid med Stranda folkebibliotek og Herøy folkebibliotek.

Les meir
Kollasj Eir Inderhaug og Ola B. Johannessen

Haugtussa i Aasentunet

Laurdag 26. mars kjem Teatret Vårt med Haugtussa til Aasentunet. Arne Garborg sin tekst og Edvard Grieg sin musikk er kvar for seg ei stor oppleving. I framsyninga som Teatret Vårt tek med til Aasentunet komande laurdag, er dei sett saman til eit sjeldan møte med begge, der teksten og musikken spelar på lag.

Les meir

Nynorsk kultursentrum si årsmelding for 2021

I 2021 opna Nynorsk kultursentrum ei ny museumsutstilling i Vinjesenteret. Vi gjennomførte det heile første driftsåret i samarbeid med Store norske leksikon og bidrog med det til langt fleire nynorskartiklar i dette oppslagsverket. I løpet av året var vi også til stades i heile 89 kommunar med arrangement, skuleframsyningar og utstillingar. Dette og meir til kan du lese om i årsmeldinga frå 2021.

Les meir