Aktuelt

Kollasj utøvarar Litteraturhus i Møre og Romsdal våren 2022. Marit Eikemo, Jan Inge Sørbø, Erlend Skjetne, Halvor Folgerø, Bjørn Hatterud og Christine Fure Schwarz

Vårprogram Litteraturhus i Møre og Romsdal

I samarbeid med 13 kommunar har Nynorsk kultursentrum gleda av å presentere årets vårprogram for Sunnmøre. Praktiske føredrag, forfattarsamtalar og ein Bragepris-vinnar er blant det ein kan oppleve på bibliotek rundt om på Sunnmøre våren 2022. Tilboda er gratis og opne for alle.

Les meir
Tarjei Vesaas, Arnhild Litleré og Stein Versto

Tarjei Vesaas-året 2022

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas blei fødd. Nynorsk kultursentrum vil markere dette ved ulike høve gjennom året. Det startar med eit magisk møte med litteraturen ved ismusikkfestivalen ved Bergsjøen i Ål, der eine konsertscena er inspirert av boka Is-slottet i høve jubileet.

Les meir

På miniturné med tingingsverket «Vandring»

22. og 23. januar viser Sigmund Løvåsen, Erlend Apneseth og Frode Haltli fram «Vandring», tingingsverket frå Festspela 2021. Programmet er i regi av Nynorsk kultursentrum og arrangementa i samarbeid med Rom for ord, Naustdal mållag og Osafestivalen.

Les meir

Årskort

Årskort Om du har lyst til å besøke Vinjesenteret fleire gonger i løpet av året kan du no kjøpe årskort! Då får du tilgang i

Les meir