Aktuelt

Storkonsert med Kari Bremnes på Festspela 6.-9. juni 2024

– Kari Bremnes gjestar Festspela for første gong som soloartist. Ho er ein stor formidlar av songtekstar, og det kjem til å bli ei mektig oppleving når ho stiller med fullt band på Utescena på laurdagskvelden, seier Tone Slenes, leiar for Aasentunet og Festspela.

Les meir

Styreleiar Reidar Sandal går av

Styreleiar Reidar Sandal går av Reidar Sandal sende måndag 6. november melding til Kultur- og likestillingsdepartementet om at han trekkjer seg frå vervet som styreleiar

Les meir

Olav Øyehaug Opsvik blir ny direktør

Olav Øyehaug Opsvik (33) er i styremøte i dag tilsett som ny direktør i Nynorsk kultursentrum. Han blei presentert for dei tilsette på eit allmøte i ettermiddag. Øyehaug Opsvik tek over stillinga 27. november.

Les meir

​​Nytt haustprogram for Litteraturhus Møre og Romsdal​

No kan publikum på Sunnmøre oppleve endå eit variert litteraturprogram for folk i alle aldrar, i regi av Litteraturhus i Møre og Romsdal. Som tidlegare vil også desse arrangementa ha fri inngang. På programmet står både forfattarmøte og høgtlesingar, med mellom andre Herborg Kråkevik, Olaug Nilssen og Line Nagell Ylvisåker.

Les meir
bilete frå resepsjonen i aasentunet med vertskap og tre gjester

Vertskapsansvarleg Aasentunet (vikariat)

Er du ein initiativrik, framoverlent og serviceinnstilt person? Vil du vere med å leggje til rette for gode kulturopplevingar for eit variert publikum? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur har ledig vikariat (80 prosent) som vertskapsansvarleg ved Aasentunet i Ørsta frå 1. februar til 31. oktober 2024.

Les meir