Aktuelt

jon fosse

Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur

Nynorsk kultursentrum gratulerer Jon Fosse hjarteleg med tildelinga av Nobelprisen i litteratur. – Dette var svært gledeleg og fortent, seier konstituert direktør Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.

Les meir

Vinnarar av sommarkonkurransen

Vinnarar av sommarkonkurransen er kåra I konkurransen kunne deltakarar løfta fram sitt favoritt dialektord og kva det tyder, skriva eit sommardikt, eller eit dikt inspirert av Hauge.

Les meir

Minnerike litteraturdagar i Vinje

Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Litteraturdagane. Temaet for årets litteraturdagar var «Motkultur», og dette viste godt att både i programmet og i valet av utøvarar for festivalen.

Les meir
Bilete frå Litteraturdagane 2022.

Det er igjen klart for Litteraturdagane i Vinje

– Vi har eit innhaldsrikt og spennande program som ligg klart, der «Motkultur» går som ein raud tråd gjennom heile festivalen. Vi vil rette særleg fokus på motmakt og nynorsk presse, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret Ingebjørg Nestestog Edland.

Les meir
Illustrasjonsbilete til Bornas natursti

Bornas natursti 2023

Bli med på Bornas natursti! Årets natursti består av sju postar kringom i Ulvik. Kvar post inneheld éin bokstav og eitt turtips, boktips eller anna innhald.

Les meir
Bilete av ein formidlar ved Vinjesenteret som les for barn.

Toppkarakterar for Nynorsk kultursentrum i museumsvurderinga for 2022

Nynorsk kultursentrum får toppkarakter på alle punkt i Kulturdirektoratet si vurdering av musea i Noreg i 2022. – Dette viser at det gode og systematiske arbeidet dei tilsette gjer, blir lagt merke til. Slike resultat kan vi berre oppnå med tilsette med stort engasjement, vilje til å løyse utfordringar og solid kunnskap, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Les meir
Bilete av ISÁK

​​ISÁK entrar scena under Litteraturdagane i august​

Torsdag 24. august står musikar og samfunnsaktivist Ella Marie Hætta Isaksen og bandet ISÁK på scena i Raulandsakademiet. – Me ynskjer å nå eit yngre publikum, og tenkjer at denne konserten i oppstartsveka ved Universitetet i SørAust-Noreg legg til rette for dette, seier digitalformidlar ved Vinjesenteret, Mari Tveiti.

Les meir