«Kom som du er» – den nye venskapssongen
«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk. Få med deg venar, klassa eller skulen og øv inn både songen og den tilhøyrande dansen.
«Kom som du er» – den nye venskapssongen Read More »
«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk. Få med deg venar, klassa eller skulen og øv inn både songen og den tilhøyrande dansen.
«Kom som du er» – den nye venskapssongen Read More »
Regjeringa har lagt fram ny opplæringslov. – Lovframlegget tek ikkje omsyn til at nynorskelevane treng å sjå meir nynorsk i appar og andre digitale læringsressursar i skulen. Stortinget må sørgje for at det vert meir nynorsk i klasseromma, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark.
– Stortinget må sikre meir nynorsk i klasserommet Read More »
Laurdag 25. februar kjem Adele Duus til Vinjesenteret for ei utandørs framsyning for born–eit monsterbesøk! Stormonster vil leke med Veslemonster, men raggmonster er på besøk. Kan dei leike saman alle tre?
Monsterbesøk på Vinjesenteret Read More »
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, var i 2022 til stades i 104 kommunar. – Med arrangement og utstillingar for barn og vaksne frå Lillesand i sør til Alta i nord, er me med på å spreie nynorsk for hovud og hjarte til heile landet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Kommunerekord for Nynorsk kultursentrum Read More »
Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle bøkene. Forskar Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne ukjent informasjon om både Aasen og arbeidet hans. Dei 1 000 første bøkene er denne veka tilgjengeleg på digitaltmuseum.no.
Unikt Aasen-materiale publisert på nett Read More »
Geir Netland flytta til Ulvik i 2013 og vart arenaleiar ved Haugesenteret. Til våren vert han pensjonist. Stillinga som arenaleiar er lyst ut, med frist i midten av november.
Geir Netland ved Haugesenteret vert pensjonist Read More »
Sparebanken Vest gav 1. november ei tidleg julegåve til nynorskungar på heile Vestlandet. Nynorsk kultursentrum får 100 000 kr til å feire 100 år med nynorske biletbøker for born saman med ungar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.
100 000 i støtte til biletbokjubileum i 2023 Read More »
Me krev betre tiltak for å sikre vaksenopplæring på nynorsk for innvandrarar og betre kulturtilbod på nynorsk i desse områda, seier Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK Nynorskkommunane.
Nynorskorganisasjonane forventar kulturløft Read More »
Det er over 6 år sidan Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å sørgje for at nynorskelevar har rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen. – Eg ber utdannings- og forskingskomiteen lytte til våre innspel og sørgje for handling, sa Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum under budsjetthøyringa i Stortinget i dag.
Ber stortingskomité om å innfri nynorskløfte Read More »
Tilsette, studentar og andre interesserte er velkomne til årleg fagdag om nynorsk skriftkultur. Programmet rommar siste forsking på målformer og språkbyte i skulen, biblioteka si rolle i språkpolitikken, ressursar for norsklærarar og innsikt i korleis bruke arkiv og fagbibliotek som kjelder til å finne svar på bestemte forskingsspørsmål knytte til vitskaplege artiklar eller masteroppgåver.
Open fagdag om nynorsk skriftkultur Read More »