Bornas natursti 2023
Bli med på Bornas natursti! Årets natursti består av sju postar kringom i Ulvik. Kvar post inneheld éin bokstav og eitt turtips, boktips eller anna innhald.
Bornas natursti 2023 Read More »
Bli med på Bornas natursti! Årets natursti består av sju postar kringom i Ulvik. Kvar post inneheld éin bokstav og eitt turtips, boktips eller anna innhald.
Bornas natursti 2023 Read More »
Nynorsk kultursentrum får toppkarakter på alle punkt i Kulturdirektoratet si vurdering av musea i Noreg i 2022. – Dette viser at det gode og systematiske arbeidet dei tilsette gjer, blir lagt merke til. Slike resultat kan vi berre oppnå med tilsette med stort engasjement, vilje til å løyse utfordringar og solid kunnskap, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.
Toppkarakterar for Nynorsk kultursentrum i museumsvurderinga for 2022 Read More »
Torsdag 24. august står musikar og samfunnsaktivist Ella Marie Hætta Isaksen og bandet ISÁK på scena i Raulandsakademiet. – Me ynskjer å nå eit yngre publikum, og tenkjer at denne konserten i oppstartsveka ved Universitetet i SørAust-Noreg legg til rette for dette, seier digitalformidlar ved Vinjesenteret, Mari Tveiti.
ISÁK entrar scena under Litteraturdagane i august Read More »
Fjord1 og matkonseptet deira, Ferdamat, vil bli heidra under Litteraturdagane i august. Selskapet nyttar nynorsk i all marknadsføring og informasjon, både opp mot publikum og elles i næringsdrifta.
Ferje- og båtreiarlaget Fjord1 får tildelt Storegutprisen 2023 Read More »
Strålande sommarvêr la rammene for ei fantastisk festivalhelg, med eit variert og innhaldsrikt program og høg kunstnarleg kvalitet. Laurdag kveld fekk nærmare 650 gjestar oppleve ein magisk konsert med Bjørn Eidsvåg i Uteamfiet i Aasentunet.
Strålande Festspel Read More »
Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nationaltheatret. Nynorsk kultursentrum var snare med å melde seg på.
Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret Read More »
Det var ein glad Svein Olav Langåker som tok i mot prisen Årets nynorskbrukar 2023 på vegner av Framtida Junior, under fagseminaret til Festspela torsdag 8. juni. Framtida Junior fekk prisen for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne for 7–13-åringar.
Framtida Junior fekk prisen Årets nynorskbrukar Read More »
Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget har handsama regjeringa sitt framlegg til ny opplæringslov, og har vend tommelen ned for å gi nynorskelevar eit likeverdig tilbod i den digitale skulekvardagen.
Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid med andre nynorskinstitusjonar. Millionane vil kome nynorskbrukarar spesielt i utsette pressområde til gode, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.
Tre millionar til nynorskbrukarane Read More »
Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den folkekjære poeten Gro Dahle med ein plass på Diktarstien. Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum laurdag 10. juni kl. 15.00.
Gro Dahle får Diktartavla 2023 Read More »