Festivaldikt
Poetane Steinar Opstad, Aina Villanger, Einar Økland og Mary Ailonieida Sombán Mari har alle skrive eit originaldikt til årets Poesifestival som vart framført under opninga. Dikta har ei opa tilnærming til festivaltemaet Fri.
Poetane Steinar Opstad, Aina Villanger, Einar Økland og Mary Ailonieida Sombán Mari har alle skrive eit originaldikt til årets Poesifestival som vart framført under opninga. Dikta har ei opa tilnærming til festivaltemaet Fri.
Nynorsk kultursentrum er med i eitt av 82 prosjekt som får støtte frå ordninga for banebrytande forsking i Noregs forskingsråd. Forskarar frå fleire institusjonar skal sjå på ulike forfattarskap, blant anna korleis Tarjei Vesaas og Olav Duun nådde ut i Tyskland, Storbritannia og USA mellom 1900 og 1950.
Nynorsk kultursentrum med på stjernelag i forsking Read More »
Er du glad i å lese? Kunne du tenke deg å lese bøker og diskutere dei saman med andre? Då kan leseringen vår vera noko for deg.
Her skal me lese bøker og samtale om dei i trivelege omgjevnadar på Vinjesenteret. Leseringen møtast seks måndagar på rad frå klokka 18:30 og blir leia av forfattar Stein Versto.
Lesering med Stein Versto Read More »
Amboltprisen vert delt ut under Poesifestivalen og går til ein person som har arbeidd for Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjent. Styret i Venelaget Olav H. Hauge har vedteke at prisen for 2022 skal gå til Einar Økland.
Amboltprisen til Einar Økland Read More »
Først ut i samtale-serien er Tuva Syvertsen, som har invitert med seg lyrikar Svanhild Amdal Telnes. Dei vitja Seljord bibliotek 6. september og vitjar Stord bibliotek 7. september og Kvinnherad bibliotek 8. september.
«Lytt til lyrikken» er i gang igjen Read More »
20. august 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas (1897–1970) blei fødd. Nynorsk kultursentrum markerer Vesaas heile året i heile landet.
Eit år med feiring av Tarjei Vesaas Read More »
På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den store innsatsen ho har gjort for nynorsk barnelitteratur.
Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022 Read More »
I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman om ei satsing har talet på nynorskartiklar skote i vêret.
Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon Read More »
Over 30 publikummarar og deltakarar var samla til fagdag i auditoriet på Høgskulen i Volda for å få med seg seks ulike blikk på forfattarskapen til Tarjei Vesaas, 13. juni.
Innhaldsrik fagdag om Tarjei Vesaas sin forfattarskap Read More »
Laurdag 11. juni avduka Steinar Opstad si diktartavle på Diktarstien i museumstunet på Hardanger folkemuseum. Opstad er no den 30. prisvinnaren sidan Diktarstien vart oppretta i 1993 då Olav H. Hauge fekk prisen.
Diktartavla 2022 til Steinar Opstad Read More »